toppgrafikk

Strilaringen har hatt ein aktiv sumar til tross for lang pause frå måndagsøvingane. Laurdag 8. juni deltok Strilaringen på Torgdagen i Bergen. Her hadde me stand der me selde lefser, lappar, vaflar, rabarbra mm. Svert mange var med oss på denne dagen, Radøybelgen var med oss og spelte til oss når me dansa på torget. Ein koseleg bytur som og gav oss eit godt tilskot til kassen vår.


Påkvelden hadde me sumaravslutning på Hundvin. Her deltok både felespelarane våre og radøybeljen såme kunne dansa til god musikk.

 

strilaringen-fedje

Sommaråpent - fedje frå NRK  ( i siste delen av innslaget er det glimt av Strilaringen)

Me fekk ein forespørsel frå Fedje om me kunne delta der ute når NRK kom inn på hamna med Sjøkurs 3. juli. Felespelarane våre og dansarane stillte sporty opp sjølv om det innebar at dei måtte ta fri frå arbeid for å delta. Trass regnet så strålte dei under dansinga og me har fått gode tilbakemeldingar på deltakinga vår.

 

Kystsogevekene

Når me oppdaga at opninga av Kystsogevekene i år skulle vera på Lindås10 august tok me kontakt for å delta. Vår forespørsel vart godt motteke og me fekk delta med dansen vår på torget ved Lindås Brygge. det er alltid stas for Strilaringen å delta på lokale arrangement. Me er opptatt av å halda vedlike dei gamle dansetradisjonane og at detet skal vera ein del av vår kultur som må haldast i live og brukast.

For 2014 har me store planar. Me har eit stort kulturutvekslingsprosjekt med Polen. Ei profesjonell sang og dansegruppe i polen

Slask-logo-800px-Koszecin- logo Zespołu Piesni i Tanca Slask(The Polish National Song and Dance Ensemble “Śląsk”)Info "Slask"

har invitert oss som samarbeidspartnar i et opplegg der me skal til Krakow området i Polen imai 2014 der me skal gjennomføra 3 konsertar og "workshop" og den polske gruppa kjem til Noreg i august. Då skal me avvikla 7 konsertar og "workshop" her heime. Me ser fram til eit svert spanande prosjekt og vil koma tilbake med meir informasjon utover.




Kva skjer?

11 sep 2023;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
18 sep 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
25 sep 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge