Juniorsamling 1.-3. november 2013
Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 01.-03.november 2013.
Stad: Haus skule, på Osterøy
Tid: 01.-03.november
Avsluttingskonsert for foreldre m.fl.: Søndag kl. 13.30 – 14.30
Oppmøte: Fredag kl. 18.30
Pris (ta med på samlinga): 300,- for medl. av spelemannslag/FolkOrg
350,- for andre.
Påmelding innan: 27. oktober
Barna vert delt i grupper, etter nivå, der dei mellom anna vil lære nye slåttar, samspel og speleteknikk. Det vert grupper for dei som akkurat har starta å spela, og grupper for dei som har spelt så lenge dei kan hugsa!
I løpet av helga vil det også verte tid til mykje sosialt – samspel, leik og dans.
Ta med instrument, liggeunderlag, sovepose og toalettsaker.
Søndagen vert det avsluttingskonsert kl. 13.30, der me håpar flest mogleg vil koma å høyra kva me har jobba med denne helga.
For at denne helga skal gå ganske så knirkefritt, og at me skal oppnå målet om å skape eit miljø blant barna, samt at det ikkje skal verta for dyrt å vere med på samlinga, er me avhengig av hjelp frå foreldra, når det gjeld nattevakt/brannvakt. Håpar at nokon av foreldra kan stilla opp og hjelpa til med dette!
Gje ein lyd om du som forelder / føresett kan vere med vera nattevakt i løpet av helga. Me er avhengig av at nokon kan ta på seg denne jobben!
Har du spørsmål? Eller vil melde deg på?
Ring til Hilde: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. / 56391967 / 97504847
eller Gro: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. / 40857578
Hugs å oppgje namn, alder, kor lenge du har spelt, og om du har nokre allergiar, sjukdommar eller anna me treng å vita om.
Beste helsing Hilde og Gro