Det er fredag 6.juli og vi har no kome til Dublin og er godt innkvartert på Ballsbridge Hotell saman med Albatros. I morgon er det fridag og handledag. Søndag skal vi ha framsyning i Stephen´s Green midt i Dublin.
Så langt har vi hatt 4 fantastiske dagar saman med Albatros og ikkje minst Aina Odonnell og alle dei rundt henne som har gjort dette mogeleg.
Vi har budd på Bracken Court Hotell i Balbriggen litt nord for Dublin.
Vi har vore på sightseeing og vorte kjent med heile distriktet.
Vi har hatt framsyning i Millbank Theatre i Rush med fulle hus. I tillegg har vi vore i Drogheda og hatt framsyning i sentrum av byen framfor kyrkja (bilda er tatt her).
I går kveld var vi invitert på fest saman med vertskapet og lokalbefolkingen i Rush. Ein ugløymeleg kveld med god mat, myke lokal og fin musikk og dans. Her møtte også igjen resten av spelegruppa som tok del på vår festival i fjord.