toppgrafikk

Fellesartiklar

                              07 01 19 Dansekveld

image002red1

logo vaka engI morgon - mandag 28. mai - reiser Strilaringen til Island.
I mange år har me hatt ynskje om å reise til Sagaøya - og endeleg har me fått det til!

I fyrste del av opphaldet skal me vera  i Reykjavik.
Her treff me den islanske folkedansgruppa Sporid som vil vera guidar for oss. M.a skal me vitja den historiske garden - Reykholt - der Snorre Sturlason budde det meste av sitt liv.

Onsdag 30.mai skal me ha framsyning og social dancing i Nordens hus. Om du leitar deg fram i kalenderen for aktivitetar finn du denne lenka for 30.mai

I siste del av opphaldet  tek me turen til fjerde største byen på Island: Akureyri. 

Slask strilaringen plakat2 bilde

Då nærmar det seg avreise til Polen og første veke saman med Slask.

Strilaringen skal saman med "Det nasjonale Song og Dans ensamblet -  Slask" frå Polen ha eit kulturutvekslingsprosjekt. Prosjektet er eit EØS- prosjekt støtta av Norsk Kulturråd. Føremålet med prosjektet er å fremja mangfald i kunst og kultur og fremja kulturell dialog og styrka samarbeidet mellom Noreg og Polen.

Den praktiske gjennomføringa av prosjektet består av at me skal vitja kvarander i løpet av 2014. Strilaringen reiser til Polen mellom 25.mai og 01. juni. I Polen skal me saman med «SLASK» gjennomføra 3 framsyningar og me skal ha 2 «work-shoppar» der me lærer dansar av kvarandre.

17. august kjem «SLASK» til oss og vert i 10 dagar.  I løpet av denne perioden skal me avvikla 7 framsyningar ( Det vert framsyningar i Bergen, Førde, Voss, Nordhordland, Fjell og Stord). Nærmare info vert lagt ut.

På medlemsnettet finn du no info om Polenturen - m.a flytider . . . .

Fredag 25.april er det Dansepub på Lune Huler på Vågseidet.

DeLunehuler 25 april danspub KORTnne kvelden er det Helge Korneliusen ( kjent frå dansegruppa Ove´s Orkester) som kjem og spelar frisk, variert og god dansemusikk frå kl 20.30 til kl 00.00. 


Restaurant/ matservering og pub er open frå kl 18. Nytt høve til å smake på noko frå den rikhaldige menyen.

 

 

 (Klikk på bilde og du får fram plakaten)

23nov06
 
 
 
 Det nærmar seg årets "festival". Eigentleg ikkje ein ordinær festival, men meir eit samarbeidprosjekt mellom STRILARINGEN og den profesjonelle gruppa SLASK frå Polen.
 
Les meir om dette: Polen_prosjektet-info1.pdf
 
24. mai reiser me til Polen - mykje skal på plass før denne dagen!
 
Måndagsøvingane aukar frå 2 til 3 timar, ei helg (eller to?)"ryk" med til endå meir øving og heime er det terping på tekstar og overgangar + +. Stressfaktoren er klart stigande! Slik skal det vera - kjekt!

7. -9. mars hadde STRILARINGEN øvingshelg på Glesvær

Glesvær

Det var 3. gong me nytta denne flotte og ærverdige handelstaden - med historie og maritimt miljø som går attende til 1600-talet.
Etter å ha funne fram til sitt rom - i ulike rorbuer - møttest 32 medlemmar og 3 spelemenn til pizza, quis og mykje "lått og løye".

Info om Glesvær

 

 

 

 

Lune huler plakat Fredag 21.mars vert det god dansemusikk og open bar på Lune huler på Vågseidet.

 Alle danseglade - gå ikkje glipp av denne kvelden.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Her kan du last ned stor plakat.

Lune_huler_Stor_arrangementsplakat.pdf 

 

Lune_huler_Stor_arrangementsplakat.pdfLune huler plakat    




Kva skjer?

14 okt 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
21 okt 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
28 okt 2019;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
04 nov 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
11 nov 2019;
@19:00 - @21:00
DANSEKVELD i KNARVIK m/Radøybæljen
18 nov 2019;
@17:30 -
FRAMSYNING på Ostertunet

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge