toppgrafikk

* Strilaringen fekk 4 nye dansarar i 2004 og  hadde pr. 31.12.04  42 betalande
   medlemmar.

 * Styret:          Eli Langendoen (leiar)           

                        Anne Mette Krøger (nestl.)                               

                        Mikal Krossøy (kasserar)                                  

                        Øyvind Aksnes (skrivar)


* Varamedl.:    Jorunn Tverberg(1.vara)
                        Anne Grete F. Syslak(2.vara) 
                        Vigleik Vabø (3.vara)

              

* Valnemd:      Ingrid Aven
                       
Kathrine A. Sætre

                                                                                                                     

* Andre verv:  Arne Aven (revisor)
                        Norvald Syslak ( revisor)
                        Oddrun E. Larsen (bunadskontakt)
                        Anne Grete Syslak (vara/bunadskontakt)
                        Kjell Gunnar Håkull (materialforvaltar)

                       

* Aktivitetar:

-        Styret har hatt 7 styremøte. Alle i styret og 1. varamedlem har stort sett møtt.

-        Strilaringen har hatt 36 øvingar på Hundvin.

-        Vi har hatt 3 kaffimøte/medlemsmøte og juleavslutning m/trekningav ribbelotteriet.

-        Bjarte Sæbø er danseinstruktør i Strilaringen. På slutten  av vårhalvåret overtok han etter  Oddrun E. Larsen. I vårhalvåret  var Marit-Christin  Samuelsen  vikar  i fleire periodar. Ottar Netteland har også i år vore spelemann for Strilaringen.

-        16.-18.januar  var det  øvingshelg i Dyrkolbotn: danseøving v/Oddrun E. Larsen og sang- og danseøving v/Leif Egil Vatnøy. Ottar Netteland var spelemann.

-        Strilaringen  har hatt to framsyningar i nærområdet: Nordhordlandshallen (28.april)

      på Hordabø skule (26.april).

-        Vidare  har ringen  hatt to framsyningar i Bergen: Åsane folkehøgskule (22.mai) oo på Torgdagen (12. juni).

-        Blåturnemda arrangerte tur 26.juni.  Turen gjekk med båt (Marine Express) sørover til Lysøen der me både gjekk tur og fekk omvisning i Ole Bull sitt hus. Vél om bord i båten  att gjekk ferda endå lenger sør, heilt  til Austevoll der me fekk god middag i Leanaustet på Huftarøy.

-        Strilaringen hadde ikkje representantar på årsmøtet i NU/HU.

-        Dugnadsnemda har ikkje sett i gang aktivitetar dette året.

-        På juleavslutninga (2003) fekk  medlemmane ei orientering om mogeleg samarbeid med Utvandrarsenteret på Radøy om tur til Amerika i 2005. Ei nemd har jobba med å konkretisere  opplegget. Fram  mot medlemsmøte 20.09.04 viste det seg at det var for  lite påmelding, og dermed  var det  ikkje grunnlag for å gå vidare  med planane.

-        På 2 medlemsmøte har ein hatt handsaming av Statuttar for Folkedansfondet. 20.09.04 vedtok ein nye statuttar.

-        Arbeidgruppa for Strilaringen si 30 års markering (2006) har laga  ei utgreiing med fleire forslag til korleis dette kan gjerast (årsmøtesak 2005).

-        Strilaringen si heimeside vert drifta av Frode Sætre og Øyvind Aksnes.

-        Det har vore godt frammøte på øvingane og tilbakemeldingane er gode.
 

Manger, 25. januar 2005


Øyvind Aksnes
     
 - skrivar -




Kva skjer?

23 mai 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
30 mai 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
20 jun 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
27 jun 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge