toppgrafikk

* Strilaringen fekk 1 ny dansar i 2005 og hadde pr. 31.12.05 43 betalande
medlemmar.

* Styret: Anne Mette Krøger (leiar)
Jorunn Tverberg (nestl.)
Mikal Krossøy (kasserar)
Øyvind Aksnes (skrivar)

* Varamedl.: Eli Langendoen(1.vara)
Anne Grete F. Syslak (2.vara)
Vigleik Vabø (3.vara)

* Valnemnd: Marit Samuelsen
Kathrine A. Sætre

* Andre verv: Arne Aven (revisor)
Norvald Syslak ( revisor)
Oddrun E. Larsen (bunadskontakt) og
Anne Grete F. Syslak (vara/bunadskontakt)
Øystein Rambjørg (materialforvaltar)

* Møte og øvingar:

- Styret har hatt 7 styremøte. Alle i styret og 1. varamedlem har stort sett møtt.

- 31. januar 2005 hadde ein årsmøte.

- Vi har hatt 3 kaffimøte/medlemsmøte og juleavslutning m/trekning av ribbelotteriet.

- Bjarte Sæbø har vore danseinstruktør og Ottar Netteland spelemann.

- 04.-06. februar var det øvingshelg i Dyrkolbotn. Danseøving v/Bjarte Sæbø og sang- og danseøving v/Leif Egil Vatnøy. Ottar Netteland var spelemann.

- 18. og 19. juni hadde ein øvingshelg på Sæbø skule. I tillegg til fast spelemann og instruktør var Leif Egil Vatnøy også med her.

- Strilaringen har hatt 36 øvingar på Hundvin.

- Det har vore godt frammøte på øvingane og tilbakemeldingane er gode.

* Framsyningar og dugnad

- Fyrste framsyninga dette året hadde ein på Mastrevik Torg i Austrheim 16. april.

- I mai var fleire av medlemmane med på ein stor dugnad: Maling av Kaland skule.

- 13. juni hadde ein opptreden på Nordliheimen.

- På Torgdagen i Bergen 11. juni deltok Strilaringen både salsbod og framsyning.

- Vidare har ringen hatt 2 framsyningar (28.juni og 19.juli) på Bryggen Museum (Bergen Folklore).

- 05. – 10. juli deltok Strilaringen på Baltica- festivalen i Vilnius i Litauen. 23 medlemmar var med, m.a. spelemann Ottar Netteland. I tillegg var Leif Egil Vatnøy med som instruktør og Gro Vetås som speletaus. Inspirerande festival – godt organisert! Samhaldet i gruppa vart ekstra bra sidan alle budde i ei ”studentblokk”.

* Andre aktivitetar:

- Strilaringen hadde ikkje representantar på årsmøtet i NU/HU.

- Nemnda som arbeider med 30-årsfeiringa har saman med styret sendt innbyding til

30 års jubileum. Dette skal vera i ungdomshuset på Hundvin 11.mars
2006.

- Ei anna nemnd arbeider med å førebu festival sumaren 2006 (veke 27).

- Strilaringen er no meld inn i Brønnøysund sitt enhetsregister.(org. form: lag/foreining)

- Strilaringen si heimeside vert drifta av Frode Sætre og Øyvind Aksnes.

Manger, 23. januar 2006


Øyvind Aksnes
- skrivar -




Kva skjer?

23 mai 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
30 mai 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
20 jun 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
27 jun 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge