DANSEKVELD I DALHEIM PÅ HUNDVIN
Laurdag 18.februar 2023 kl. 19.00
11.mai i år dansa Strilaringen på den store scena i Grieghallen. I salen sat 1100 revisorar, rekneskapsførarar, utstillarar , sponsorar m.m. Dei hadde kome frå heile verda for å ta del i den 44.årlege EAA-konferansen, European Accounting Assosiation, arrangert av Norges Handelshøgskole, NHH.
Berre 50 av dei 1100 var nordmenn.
For oss i Strilaringen er ein slik førespurnad god motivasjon, me øver, skjerpar oss, gler oss og gruar oss. Og, når alt er over er me letta og stolte for at alt gjekk så bra, me fekk til og med, minst, like mykje applaus som han som var på scenen før oss, Nikolai Tangen.
I etterkant er det tid for refleksjon:
For, når Strilaringen har framsyningar, er det anten for utlendingar i Noreg eller, i utlandet, for andre nasjonalitetar, på festivalar me tek del i.
Her møter me menneske frå heile verda, med eit felles fokus, dansen. Dansen betyr det same for oss alle, anten me kjem frå Noreg, Paraguay, Slovenia, Tonga eller Russland, her går det føre seg ei nasjonal forbrødring.
Men:
Det er to ting som skil oss frå dei andre gruppene som tek del i festivalane:
1. Me er unike i dei flotte, ulike bunadane våre
2. Me er (nesten) alltid den gruppa som har den høgaste gjennomsnitts-
alderen.
Her er bilete av felespelarane våre! (Då var me på stor festival i Marrakech/Marokko i 2019 )
Når Strilaringen møtest til vanleg, er det i ungdomshuset på Hundvin, kvar måndags kveld kl. 19.00. Me er ein flokk på ca. 25 personar, nokon har dansa her lenge, eit fåtal har vore her i ein kortare periode. Me dansar og trivest.
Og, gjennomsnittsalderen er stadig stigande…..
9. mars 2020 måtte me gje på tap - det vart siste øving i vårsemesteret! Øvingshelga (13. -15. mars) på Glesvær vart avlyst! I mai skulle me delta på festival i Kroatia (på øya Brac). 13. mars fekk me melding: «Festivalen avlyst pga. Koronaepidemien". I haust hadde me faktisk ei øving - og da va da!
Me får heller mimra litt:
Å førebu seg til dansefestival, så reisa og vera deltakar saman med dansegrupper frå mange land, er mest alltid gjevande og spanande! Av festivalane etter år 2000 var det lenge festivalen på den portugisiske øygruppa Azorene(2009) som var eit høgdepunkt! Festivalsamarbeidet me hadde med den profesjonelle dansegruppa Ślask frå Polen i 2014/2015 er eit anna høgdepunkt! Men, truleg er det festivalen i Afrika/Marokko/Marrakech (2019) dei fleste av Strilaringen sine medl. vil "kåra" som den mest minneverdige festivalopplevinga me har hatt sidan år 2000.
I Biletgalleri finn du meir info om festivalane som er nemnd ovanfor + mange andre festivalar! Nedanfor finn du nokre korte videosnuttar frå Marrakech (teke med mobiltlf.) medan alle dei 36 dansgruppene ventar på å få tilvist plass i den store paraden siste festivaldagen. Eit yrande folkeliv!
video 1 video 2 video 3 video 4
Det var med stor sorg og vantru vi i Strilaringen mottok det triste bodskapet at Atle døydde brått 2. mai 2020. Den gode, snille, engasjerte, tolmodige, omgjengelege, danseglade guten var plutselig borte. Det er mange ord som kan brukast om Atle. Han hadde mykje energi, og eit problem var aldri noko som ikkje kunne løysast på eit eller anna vis.
Atle hadde mange interesser og var aktiv på mange arenaer både lokale og nasjonale. Særleg psykisk helse låg hans hjarte nær, eit område han la ned ein stor innsats over mange år innanfor. Erfaringer frå dette arbeidet var også noko han tok med seg på andre arenaer han var engasjert i.
Atle og Randi begynte i Strilaringen hausten 2004, og ganske fort fann dei seg til rette i den store familien som vi i Strilaringen er. Songdansane var ikkje Atle si sterke side i starten, men han forstod fort kva skatt det er, og kva glede det gir å danse etter song.
Atle var den i Strilaringen som heldt ut lengst på dansegolvet når vi hadde helgeøving. Etter ein lang dag med innøving av program og terping av steg, var han fortsatt aktiv på danse-golvet, heile kvelden. Det var mange jenter å danse med då, meinte han. Han var òg den som prøvde få med seg resten av gjengen til årets første bad, Glesvær i mars. Atle bada alltid.
Tidleg i april kom Strilaringen attende frå festival i byen Marrakech/Marokko. Ein særs interessant tur
med mange kjekke, men også tankevekkjande opplevingar.
På nettsida vår (under lenka Biletgalleri) er det mange biletmapper - m.a. : 2019 MAROKKO/Marrakech. her finn du 36 bilete frå festivalen og Reisebrev v/Mai Silje Vabø.
Sjå også video frå den kjempestore opne plassen: Jemaa el-Fnaa i MARRAKECH. Denne er omkransa av medinaen. Ein medina er ein type bydel ein finn i mange byar i Nord-Afrika. Medinaen har (vanlegvis) bymurar, trange og
Sidan oppstarten i 1976, har Strilaringen delteke på 27 festivalar i utlandet: 25 gonger i Europa, ein gong i Tyrkia(asiatisk del) og ein gong i USA(Amerika). I tillegg har me arrangert 7 større eller mindre festivalar i Nordhordland.
Dette året reiser me for fyrste gong til Afrika!! I Marokko skal me ta del på festivalen:"Marrakech Folklore Days". (Vår 28. festival i utlandet!) Festivalen vart arrangert for fyrste gong i 2018, med folklore-grupper frå Frankrike,
På øvingskvelden, mandag 11. februar, hadde Strilaringen besøk av Jartru og Geir Reigstad frå Osterøy Spel- og Dansarlag. Dei kom for å læra Strilaringen dansen"Springar frå Osterøy". Me hadde det veldig kjekt - dei 2 øvingstimane var ferdig før me fekk sukk for oss. Jartru og Geir er særs flinke instruktørar/dansarar - sjå dei på YouTube.
Frå Wikipedia : "Springar er nemninga på eit særskild slag norsk folkedans eller bygdedans som vert dansa av par i 3/4-takt."
13 mar 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
20 mar 2023; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
27 mar 2023; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
17 apr 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
24 apr 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
08 mai 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
15 mai 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
22 mai 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |